Vindafjord Idrettslag

Vindafjord IL vart stifta i 1966. Klubben har vakse til ein stor klubb, med over 500 medlemmer i alderen 0-100 år. Klubben driv aktivt med breddeidrett innan fotball, volleyball, trim, ski og friidrett.

Anlegg:

Klubben har eigen kunstgrasbane i Sandeid, og leigeavtale på kunstgrasbane, grasbane og idrettshall i Vikedal.

I Vikedal er det to flotte sandvolleyballbanar.

I 2018 vart det ferdigstillt ny varmestove på Fjellstøl skianlegg. Dette er eit moderne bygg med kafe, kjøkken/kiosk, sekreteriat/tidtaking, møterom, garderobar, toaletter og garasje for løypemaskin. Løypemaskin vart kjøpt «ny» i 2018. Denne vert brukt til å kjøre løyper i lysløypa, over til Opheim og til området rundt Olalia. Området rundt Fjellstøl/Opheim/Olalia er brukt året rundt, med flotte skiløyper om vinteren og flott grusveg sommarhalvåret.

Møtelokale og utstyrlager i det tidlegare «Haugesund sparebank-bygget» i Sandeid.

Arrangement:

Ølmedal Rundt

Hestanipen opp

Joker Cup Vikedal

Telenorkarusellen – ski

Fleire engasjerte
i Sandeid