Kultur og fritidAnlegg

Sandeid samfunnshus

Samfunnshuset har flotte store og allsidige lokaler, som kan leigast til alle anledningar. Kan leigast ut med og utan servering/ teknisk utstyr. Storsalen har også fleksibel amfi-løysing.

Kunstgrasbane

Vindafjord idrettslag bygde på begynnelsen av 2000-talet kunstgrasbanen, som ligg ved Sandeid samfunnshus. Banen tilfredstiller måla til ein 7-ar-bane (7 spelarar på kvart lag). Banen er godt gjerda inn.

Gamleskulen

Som navnet seier, var dette tidlegare Sandeid sentrum sin skule. Beliggenhet er ved Sandeid samfunnshus og kirka."Gamleskulen" er ein flott bygning som i dag vert nytta av ulike lag og foreningar...

Sandeid skule

Sandeid skule har gymnastikksal, som ikkje berre er i bruk i skuletida. Idrettslaget leiger salen til allidrett og andre aktiviteter. Også andre kan leige salen etter avtale med rektor Nils Erik Eide.

Ballbinge

Ballbingen vart bygd, med stor dugnadsinnsats og økonomiske bidrag frå sponsorar, bygdafolk, kommune, tippemidler etc, og vart opna i mai 2007. På opningsfesten vart det delt ut 200 kakestykker og over 100 drikkeflasker merka Sandeid Ballbinge.

Fjellstøl

Fjellstøl tur- og skianlegg er bygd opp i eit samarbeid mellom Vindafjord kommune og enkelte andre kommunar på Haugalandet.

Småbåthavner

Ved Sandeid handelslag, midt i sentrum ligg havn for fritidsbåtar. Plass til små båtar og opp til kring 30 fot store båtar.

Sandeid skyttarlag

Sandeid skyttarlag er del av Vindafjord skyttarlag. Heimeside: Vindafjord skyttarlag

Sjå også www.skytestevne.no

 

 

 

 

ARRANGEMENT

Klikk her

Under lenka ovanfor vert det lagt inn arrangement som enten blir tipsa om eller som me sjølv fangar opp.
Me oppfordrar alle til å ta kontakt pr e-post med arrangement som skal gjennomførast i Sandeid.


 

 

 

Lenker 

Klikk her for å koma til andre nettsider av interesse

 

 

 

Tips oss

Tips til Fokus Sandeid