Næringsliv i sentrum

Åpne som PDF

Sjoargata

I dag er «Sandeidsjøengata» ei stille og roleg gate med velhaldne hus og hagar. Ein liten idyll. Slik var det ikkje i tidlegare tider. Her var stor aktivitet. Bli med på ein liten tur:

«Kjenner du lukta av winerbrød frå bakeriet? Ei dame er opp trappa til meieriet med melkespannet i neven. Blir ho ekspedert av Gurine, tru?

Utanfor posten står to karar og drøser medan dei ventar på avisa. Er det Bondebladet eller Haugesund Dagblad? Jossi er i full gong med å sortere posten før ho kan opne.

I det fine veret har Ingeborg Nesheim og Signe Huse tatt ut kjøkkenkrakkane og sitt nå og drøser med dei som fer forbi. Ein prat om nyhende har ein alltid tid til.

Ei anna kvinne er på full fart ned i kjellaren til skomakaren for å hente eit par sko ho har hatt til halvsoling. Men attmed trappa står kassen med fersk fisk. Ein stor lyr freistar. Kanskje ho vil lage fiskekaker til middag? Då et ungane og fisk, og ikkje berre smør og poteter.

2 bydamer står inne i butikken til frk. Engevik, dei ser på to blusar og vurderer nok på prisen. Dei trur alt er så billeg på «landet». Dei har tatt ungane med seg for sommarferie og god mat, og bur på Kaldheim pensjonat eller på Sandeid gjestgiveri.

Ei bydame går inn i telefonkiosken hjå Kristensen. Ho skal nok ringe mannen for å høyre om han tek turen med «Fjordrott» på laurdag. Og på kaien slår lukt og grisehyl mot deg frå Slakthuset. Då kan det bli godt med ein kvil i Meidelhuset (Helgevoldshuset i dag).»

Audhild Ulland
Fortald på opnig av tavlene 01.10.2022.

Høyr teksten her