Bilde av skiløype med mange mennesker

Fjellstøl

Her preppar dei lokale heltane skiløyper så snart snøen fell og bygdefolket står og trippar for å spenne skia fast og ta turen til Olalia. Fjellstøl er berre ein kort køyretur frå Sandeid sentrum. Her finst det noko for ein kvar. Anten du vil ta med familien til akebakken rett ved parkeringsplassen og nyte ein kopp kakao i gapahuken, eller om du vil ha deg nokre rundar i lysløypa etter jobb ein vanleg onsdag. Utanom skisesongen er det også eit populært turområde, kor folk ferdast på flotte, grusa turløyper heilt inn til Olalihytta. Det er også merka sti opp til Hest. Du kan gå ein fin rundtur fra Fjellstøl, følge grusvegen innover mot Olalia, til du tar av til høgre mot Hest, og ned igjen på sørsida til Fjellstøl. Løypa er merka.

__________________________________________________________________________________________________________________________________________

For fleire turtips i Vindafjord Kommune
Vindafjord Turlag: https://www.dnt.no/sok/?tab=trips&county=Rogaland&municipality=Vindafjord
(får ikkje laga lenke, så her må du bruke klipp-og-lim)

No items found.

Engasjert

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.