Vindafjord kommune er unik når det kjem til arbeidsplassar og karrieremoglegheiter. Her finn ein yrande teknologibedrifter, varehandel, transportselskap, handverksbedrifter, verft og større industribedrifter. Her er ein stadig på jakt etter både master og meister!
Medvind Næringshage
Medvind Næringshage har fleire kontorfellesskap i Etne og Vindafjord, og ei av avdelingane ligg i det gamle bankbygget i Sandeid. Her held både veletablerte bedrifter men også gründerar til, frå yrande teknologibedrifter som AdmMit, til varmepumpeleverandøren Daikin og Suldal transport. Om du treng ein kontorplass, anten fast eller som eit avbrekk i eit pendlartilvære, gir me deg gjerne litt medvind sentralt i Sandeid!
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.