Foto: Jarl A. H. Leifsen (skisse)

Naturskjønne
Sandeid

Lengst inne i Sandeidfjorden finn du bygda Sandeid. Her har ein naturopplevingane rett utanføre ytterdøra. Frå ski i lysløypa på Fjellstøl til dei mange flotte fjella som omringar bygda, kan friluftslivet nytast somar som vinter.

 

Friluftsliv heile året

Føretrekk du ein roleg tur rundt hengebrua, eller ei brattare og lengre utfordring opp til ruvande Lysenuten, Hovda eller Øktaren? I Sandeid finn du turmål for alle, og mange av dei er samla på ut.no.

Skule og barnehage

Sandeid skule har om lag 100 elevar fordelt på 1.-7. trinn. Sandeid barnehage ligg like ved og har fire avdelingar for born frå 0-6 år. Både skulen og barnehagen har flotte fasilitetar både inne og ute, og skuleplassen rommar mellom anna ballbinge, klatrevegg og nyoppussa skatepark.

Kulturbygda

Sandeid hareit godt kulturtilbod. Kvart år vert det arrangert teater og revy for store ogsmå, og med jamne mellomrom samlast bygda på samfunnshuset til dans ogkonsertar. Ved advent har vi julegateopning, med nisse, fakkeltog, servering avgraut og salsboder med handverk eller godt å ete. Kystkulturdagane er ein årlegfestival som vert arrangert kvart år i slutten av mai. Desse dagane kjem detbesøk frå fjern og nær til bygda, og det er eit yrande tilbod av aktivitetar,sal av lokalmat, konsertar og dans på kvelden. Når Kystkulturdagane er i gongveit ein at sommaren nærmar seg.

Gode naboar

Sandeid grensar til Vikedal, Ølen, og Vats, og ligg berre femti minuttar med køyring frå Haugesund.

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.