Frisbeegolf kurv

Fjellstøl Diskgolf

Målet med frisbeegolf er å treffe «hullet» på så få kast som mogleg. Den spelaren som har lågast antal kast etter ein runde, er vinnaren 😊.

Vår bane på Fjellstøl har 9 hull/korger og strekker seg over ei løype på ca. 1 km. Alle hull har kvar sin kasterampe på god avstand. Hugs at sikkerheita er viktig! Aldri kast frisbee-disken når andre er i nærleiken av å kunne bli treft.

Dersom du lastar inn app’en UDisc på mobilen, så finn du oversikt på bane og kart der. Her kan du også registrere din personlege runde med antal kast for kvart hull.

Om du ikkje har eigen frisbee kan du låne av oss. Du finn dei i varmestova. Vennligst legg dei tilbake etterpå 👍.

Slik speler du frisbeegolf:
Finn rampen til hull nr.1. Stå på rampen og kast i retning hullet. Det kan vere lurt å sjå «nøyaktig» kor disken landar slik at du finn den igjen. Gå så til disken. Her står du og tar kast nummer to mot korga. Slik fortset du til disken har landa oppe i korga.

Finn så rampen for å ta utkast mot hull nr.2. Slik fortset du til du har fullført runden.

God tur, og lykke til med runden.

No items found.

Engasjert

No items found.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.