Bilde av sjøhus ved moloen i Sandeid

Moloen

Moloen eller Moljå som det vert kalla på folkemunne, er ei av båthamnene i Sandeid. Her finn du ei rekke med vakre, gamle naust og spor etter gamle dagar. Mange lokale har båtplassane sine her, og det er ein vakker stad å ta turen ved sjøen.

Moljå var ferdigbygd i 1943, godkjent i 1947. Havn for yrkesfiskarar frå den tid og ly for den harde  «sønnavinden» inn fjorden. Seinare år er den utgangspunkt for fritidsfiske og båtliv, delvis privateigd og delvis eigd av kommunen. Før i tida var det ein del bading der - litt mindre av det nå. Men eit fint stopp på ein tur gjennom Sandeid.

No items found.

Engasjert

No items found.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.