Sandeid Ungdomslag

Det var lærar og klokkar Jens Børretzen som grunnla Sandeid ungdomslag 19. januar 1908. Laget engasjerte seg i biblioteket, nytt kyrkjeorgel og på lagskveldane var det folkeviseleiken som dominerte.

Laget fekk sitt eige ungdomshus, og gjekk seinare inn som største luteigaren i Sandeid Samfunnshus som stod ferdig i 1958. Lagsarbeidet har gått i bølgedalar, men noko som kjenner ungdomslaget er at dei stadig har funne nye område å engasjera seg på.

Som medlem i Sandeid UL vil du vera med å støtta kulturlivet i bygda på mange  forskjellige område.

Forutan å støtta ei god sak, vil du oppnå fordelar som redusert pris på kurs og diverse arrangement i regi av Sandeid ungdomslag.

Melder du inn familie så fyller du bare ut informasjonen til den eine foresatte.

Prisar:

Vaksen: 200,-

Barn: 100,-

Ungdom (15-25år): 150,-

Familie: 300,-

Fleire engasjerte
i Sandeid

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.