Moljå

Åpne som PDF

Om «Moljå»

Fiske var ei viktig næring for både bønder og strandsitjarar. Dei eigde mindre båtar som vart dradd opp i strender og i naust. Sandeidfjorden er open og utan øyar eller naturleg hamneområde. Og etter kvart kom det større båtar til, og det krevde tryggare hamn.

Prosessen med å byggje «Moljå» starta alt i 1924. Då hadde ein året før starta eige fiskarlag. I 1929 fekk ein kontakt med Statens Havnevesen. Og etter to travle sommar-halvår, stod «Moljå» ferdig i 1943. Den kosta då 124 000 kr. Den var eit særs etterlengta gode for fiske- og fraktebåtnæringa i Sandeid. Tidlegare hadde ein «Hålå» borte ved Sandkaien der ein kunne leggja båtar i le for ver og vind.

Utbygginga vart gjort etter avtale mellom grunneigarane Lars T. (Rabben) Vestbø og Jørgen B. Skeie. Dei vart også forplikta til å selja nausttomter rundt moloen til yrkesfiskarane. Fleire nytta seg av det, og i dag er det 8 naust i området. Vegen ned til «Moljå», slik den er i dag, var ferdig i 1947. Fiskarlaget og andre har lagt ned mykje dugnadsarbeid på «Moljå» Hans Grønnestad og Anders Vestbø var vel dei første som hadde eiga skøyte: «Astrid». Anders Vestbø overtok denne etter nokre år, og det var denne han frakta Rabinowitz med tidleg i krigen. Som jøde måtte han i skjul for tyskarane.

Hans Grønnestad eigde seinare skøytene «Føyfjord» og «Færøy». Ingvald Tangen Vestbø hadde «Sjølivet» som blei brukt til både fiske og frakting av ulike varer.

Sandtaka i Sandeid med stor aktivitet, spesielt i Hetlebakkane, førde til at fleire sandeidbuar investerte i fraktebåtar. Desse låg ofte i helgene på «Moljå». Etter storstormen i januar 1952 såg ein at ein måtte heva bølgebrytaren. Og i 1980 vart den heva med ca. 1 meter. Det vart også bygd ein bølgebrytar i innløpet og mudringsarbeid utført.

I seinare tid har ein fått bygd ein trekai over til Skjæret, som vart nytta til kortare opphald. Hovedkaien skal ein ikkje blokkera. Kommunen har også fått lagt ned straum og vatn til hovedkaien.

På 50-60 talet hadde ein tradisjon for St.Hans bålbrenning på Holmen. Moljå var og ein populær badeplass.

I dag er det stort sett fritidsbåter og hobbyfiskarar som nyttar «Moljå»

Høyr teksten her