Sjøen

Åpne som PDF

Sjoargarden

Heilt nord i Rogaland, inst inne i Sandeidfjorden ligg den fine og trivelege Sandeidbygda.  Her nede ved Sandeidsjøen var det bygdasenteret vaks fram.  Og her står tavle nr.1 i kulturstien.

Sandeid vart tidleg eit trafikknutepunkt. Postvegen frå Stavanger til Bergen gjekk over Sandeid og vidare nordover.

På 16-17hundretalet etablerte den fyrste gjestgjevaren seg.  Her fekk reisande losji og servering.  Etter oppheving av byane sine handelsprivilegium etablerte landhandlarane seg.  Den fyrste her var Meidel.  Han bygde handelshus her i 1855-58.  Huset og plassen kalla han Blidensol, nå kalla Helgevoldhuset.  Dei fyrste bryggene og kaianlegg kom omlag på same tid.  Her kom postkontor, telefon- og telegrafstasjon, fleire landhandlarar og bakarar. Det same med pensjonat og gjestgjeveri, bensin og oljesal. To slakteri etablerte seg, likeså kommunale kontor og bank.  Under krigen var her knottafabrikk, og det vart sagt at halve bilparken i Stavanger då gjekk på knott frå Sandeid.

Bussar frå HSR, seinare HSD, og fire drosjar (amerikanske bilar, så klart) «leina opp» då "Fjorddrott" la til kai kvar kveld.  I det heile, her var "liv og røre".  Dei som budde her nede budde i "Sjoargaren",og me andre gjekk til "Sjø`n" for handel og anna.

Kort sagt, det var her det skjedde!

Høyr teksten her