Vestbø

Åpne som PDF

Kyrkja

Den gamle kyrkja, den som stod midt på Middelalder-kyrkjegarden, var slett bygd, trekkfull, utan tårn og lite føreseggjort. (Meir om dei gamle kyrkjene kan du lesa på tavle 3). Det var difor stort ønskje om ei meir tenleg og moderne kyrkje. Mange ville byggje på same stad, men andre der kyrkja ligg i dag. Det måtte 4 ugilde utabygds menn til for å avgjere striden. Men på inviingsdagen i 1904, var alle samde om at rett plass var vald. Kyrkja låg med flott utsikt over bygda, og kyrkja blei i ein samanheng beskrive som «smuk».

Arkitekt Hartvig Sverdrup Eckhoff fekk oppdraget med å teikne kyrkja. Byggmester Torjus Tengesdal frå Sand reiste kyrkja, og med god hjelp av lokale krefter. Eckhoff teikna andre kyrkjer i området og, dessutan tre markante bygg i Stavanger; Rogaland Teater, gamle Stavanger sjukehus og Turnhallen. Det står ei søsterkyrkje lik den i Sandeid, på Askøy, Ask kirke.

Altertavla er ein kopi av tavla i kulturkyrkja Jakob i Oslo, og viser Kristi fødsel.

Orgel fekk kyrkja først i 1934/35, etter at kvinnegruppa i Sandeid ungdomslag samla inn midlar til å dekke største delen av kostnadene. Etter brannen skjærtorsdag i 1952, fekk kyrkja elektrisk oppvarming. Elektrisk ljos fekk kyrkja allereie før krigen.

I 1971 vart Ilsvåg sokn overført frå Vikedal til Sandeid. Det var ikkje lenger båten som bandt bygdene saman, men vegen.

Nedan for fjellet ligg kyrkja og lyser
Skinande vakker i kvitmåla skrud

I sorg og glede ho folket vår hyser,
viser oss veg til vår Skapar og Gud

Ordet vert lagt ned i hjartejord djupe
der får det veksa og mognast til frukt.

Løyser ut gåver me fekk for å bruke.
Håp om ei framtid me eiga så trygt.

Kari Vik Stuhaug

Høyr teksten her

Vestbø skule

Første Vestbø skule vart bygd i 1865, og erstatta omgangskulen. Det vart slutt på at læraren gjekk frå gard til gard i økter. Leseopplæring og kristenlæra var viktigaste fag. Og lese måtte du kunne, skulle du stå til konfirmasjon.

Barnetalet auka, og ein trong meir plass. Nytt skulehus vart reist i 1908. Den gamle skulen vart overteken av Sandeid ungdomsslag i 1910, og flytta over vegen og nytta som ungdomshus. Dette stod ferdig i 1916.

Nye Vestbø skule, «Gamleskulen» i dag, vart tatt i bruk frå 1957, og tenkt som skule for heile bygda. Den hadde eigen sløyd/gymsal og rom for husstell, skulekjøkken. Skuleborna i Ilsvåg vart overførte i 1962.

I 1965 vart Vindafjord kommune danna av kommunane Imsland, Vikedal, Sandeid, Vats og deler av Skjold. Obligatorisk 9-årig grunnskule vart innført i Norge i 1969, men først i 1974 i Vindafjord. Ny skule vart bygd sentralt på Østbøreina: Sandeid skule slik den er i dag, tatt i bruk i 1975. Dette kan du lese meir om på tavle 3.

Vestbø skule vart såleis ikkje brukt som skule i meir enn 18 år. Gamleskulen vart kjøpt av samfunnshuset i 1977 og vert i dag brukt av ungdomslaget, 4 H og lager for eit lokalt band.

Høyr teksten her

Sandeid samfunnshus

Ungdomshuset var både lite og gamaldags som forsamlingslokale, så det vart beslutta å bygga eit forsamlingshus. Det vart kalla Sandeid Samfunnshus og vart innvia i september 1959. Arkitektfirmaet var Sekse og Mannsåker i Odda, og det var byggmester Peder Kaldheim i Sandeid som stod for bygging. Det var brukt svært mange dugnadstimar. Huset står i dag som eit solid murbygg, som har tålt tida godt.

Det har vore arrangert utallege bryllup og store festar, og huset hadde originalt eit stort kjøken langt forut si tid. Nå er det eit stort og eit lite kjøken. Det var i mange år vist kino i bygget, og over mange tiår legendariske dansetilstelningar som kanskje det største og beste lokalet på Haugalandet for slikt med stor parkering, kafe og stor danseflate.

Det har vore nokre utbyggingar, den seinaste med eit selskapslokale for rundt 100 personar veleigna for festlege lag, minnestunder, møter, bingo m.m. På same tid fekk storsalen skråstilt amfi som kan trekkast inn til veggen etter behov. Dette tar 180 besøkande.

Det er ikkje få kjende personar som har stått på scena på samfunnshuset. Ein kan nemna Alfred Maurstad, Ivar Medaas, Gisle Straume, Jens Book-Jensen, Wenche Myhre, Åge Aleksandersen og mange fleire. Det er heller ikkje det barn oppvaksen i Sandeid som ikkje har stått på scena under juletrefestar, teater, skuleframsyningar og meir.

Det er ein miniatyrskytebane i kjellaren, samt at huset har eigen vaktmeisterbolig.

Bygningar som nå er borte, er handelsskulen og Skeie Kafeteria. Handelskulen var ein nynorsk skule opna på initiativ av Rogaland mållag tidleg på 60-talet. Den gjekk etterkvart inn i Ølen vidaregåande skule.

Skeie kafeteria var ein populær samlingsstad, og tidleg på 60-talet hadde bygda då ein stad med softis, hurtigmat og middag, jukebox og bowlingbane. Staden hadde aldri alkoholservering, og var open på dagtid.

To plassar som og har vore, og den eine er endå, er fotballbana som vart anlagt i området før både samfunnshuset og siste Vestbø skule. Den vart etterkvart omgjort frå grasbane til grus, og i meir moderne tid kunstgrasbane. Det vart slutt på offisielle kampar på banen på seniornivå, grunna at han var for smal.

Stemneplassen har ingen betydning lenger, men er toppen av Balahaugen kor det står ein bauta av lærar og kyrkjesongar Jens Børretszen. Det var brødrene Skeie som ga plassen i 1946 til bygda, og her vart i fleire år 17. mai feira på staden.

Høyr teksten her