Sandeid

Åpne som PDF

Sandeid skule, 1. - 9. grunnskule 1975

I 1969 innførde Norge 9-årig obligatorisk grunnskule. Ungdomskulen blei innført over heile landet, etter 15 år med forsøk.

Vindafjord var blant dei siste kommunane til å starte opp med opplæring for 8. og 9.trinn. Framhaldskulen var tilbodet etter 7 år i folkeskulen.

Før den tid kunne elevane søkje seg til Ølen realskule. Der hadde ein hatt realskule sidan 1941. Den vart interkommunal frå 1959 for Ølen, Etne og deler av Vindafjord. Ølen innførte 9 årig skule i 1965 og Etne året etter. Vindafjord dreiv så åleine til 1975.

Politisk hadde ein vanskar med å velje om ein skulle ha 1 eller 2 ungdomsskular og kor dei så skulle vere. Løysinga blei 4 skular: I Skjold, Vats, Sandeid og Vikedal.

Leiar av PPT-kontoret i Haugesund, S. Asheim, kom opp med den geniale ideen: Vi søkjer om eit framtidssretta forsøk, «Vindafjord-prosjektet».

Kvar skule skulle bli eit møte- og kultursenter i dei respektive bygdene. Dette fall i god jord hjå politikkarane og styresmaktene. Forsøket vart innvilga.

I Sandeid blei det bygd skule med bibliotek, barnehage, skuletannlækjar og lokaler for sanitetsforeininga under same tak, klar for å ta imot elevar i 1975. Vikedal bygde året før, og elevane frå Sandeid gjekk der eit år.

I dag er det berre 1.-7.kl. att på Sandeid skule. Elevane på u-trinnet går på Vikedal skule. Biblioteket og tannlækjar er flytta til Ølen og saniteslokalet er samlokalisert med barnehagen i eige bygg. Prosjektet gav nok svara ein ønskte, men økonomi og sentralisering har styrt vala seinare.

Grunnskulen vart 10-årig frå 1997. Ein senka alder for skulestart frå 7 til 6 år, og utvida opplæringsplikt frå 9 til 10 år.

Høyr teksten her